Sund Fysioterapi
Vi hjelper deg tilbake til kvardagen!
Velkommen til Sund Fysioterapi
Sund Fysioterapi er eit veletablert institutt med lyse og trivelege lokale ved Skogsskiftet på Helsehuset på Sund i Øygarden kommune.
Instituttet har god tilgjengelegheit med parkeringsplassar og heis. Instituttet har refusjonsavtale med HELFO.
Kva er Fysioterapi?
Fysioterapeutar arbeidar med kropp og rørsle for å fremje god helse. Ein fysioterapeut førebyggjer og behandlar skadar og sjukdomar som gir smerter og/eller nedsatt funksjon i muskel- og skjelettsystemet.
Joanna Hauken
Avtalefysioterapeut med driftstilskot og HELFO refusjonsavtale
Spesialfysioterapeut
Tlf: 481 41 024
Joanna er utdanna fysioterapeut frå Høgskulen på Vestlandet og har ein mastergrad i fysioterapivitenskap ved Universitetet i Bergen.
Ho har vidareutdanning innan tverrfagleg rehabilitering og vidareutdanning innan tverrfagleg slagrehabilitering.
Ho har arbeidd mykje med artrosepasientar og brenn for korleis gruppetrening kan skape meistring, motivasjon og aktiv fysioterapi for denne pasientgruppa.
Joanna starta karrieren sin i 2007 og har solid erfaring med individuell behandling av muskel‑ og skjelettplager, svimmelheit og pasientar som lever med kreft. Ho har arbeidd med Parkinson, hjerneslag og andre nevrologiske tilstandar, og møter alle pasientar med ei heilskapleg og trygg tilnærming.
Ekspertise områder: nevrologi, ortopedi, revmatologi, artrose (AktivA), smertebehandling.
Kontakt oss
Ønskjer du å booke ein avtale eller komme i kontakt med oss? Skriv kort om kva henvendelsen gjeld, så høyrer du frå oss.
Åpningstider:
Mandag - Fredag
08:00 - 16:00

